Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Rydding i klientmapper i samband med bortsettjing

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon
  • Arkiv i barneverntenesta skal handsamast etter minimumskrava i bevarings- og kassasjonsbestemmingane til Riksarkivaren av 1. februar 2014 § 4-12 pkt. 9. Dei forholda som blir lista opp i pkt. 9 er minimumskrav knyttast til dokumentasjon som skal bevarast. Ut over dette kan barneverntenesta saman med arkivtenesta i kommunen (gjerne i samråd med IKA) gjera vedtak om at også andre dokumenttypar som ein ser det formålstenleg å ha skal bevarast. Slike kommunale bevaringsbestemmingar må dokumenterast i arkivplanen.
  • Me gjer merksam på at saksområder som det ikkje knytter seg sentrale eller lokale bevaringsbestemmelsar til kan kasserast.
  • Desse reglane er det viktig å ta omsyn til i samband med gjennomgang av klientjournalar på papir som skal setjast bort.
  • Sjøvsagt kan det også gjerast arkivavgrensing etter reglane i §3-19 i arkivforskrifta når ein rydder i klientmapper i samband med bortsetting
  • Desse reglane er heller ikkje til hinder for at ein som ein del av post- og ekspedisjonsrutinane til barneverntenesta kan gjera arkivavgrensing etter §3-19 i arkivforskrifta.
  • Ut over dette er alle data som blir generert i Visma Familia og arkivert i Visma Samhandling Arkiv bevaringsverdige. Dette er definert i samband med oppsettet av Visma Samhandling Arkiv.