Føremål
- At alle barn får den oppfølging av helsa si som dei har rett på, sjølv om dei flyttar til andre stadar i landet.
- At alle vert registrert etter rutinene på helsestasjonen, slik at dei får den oppfølging dei har rett på.
- At helsekortet vert innhenta, oversendt og oppbevart etter forskriftene.
Omfang : mottak og sending av helsekort til og frå Helsestasjonen i Volda
Ansvar :Helsesøster og kontormedarbeidar har ansvar for gjennomføring av prosedyra Fagansvarleg helsesøster har ansvar for oppfølging av prosedyra Definisjonar:Helsekortet er journalen til barnet. Grøn bok – ei bok der alle helsekort vert innført med namn, fødselsdato, dato for sending og mottak, og kvar det er sendt til. Den grøne boka er oppbevart i eit låsbart skap på helseavd. sitt kontor. MOTTAK AV HELSEKORT TIL NYTILFLYTTA BARN 1. Dersom helsestasjonen får informasjon frå skule eller andre om at eit barn har flytta til Volda kommune, sender vi brev til familien:
- - Velkomen til Volda kommune og helsestasjonen, og
- - Informasjonsbrosjyre om helsestasjonen.
Foreldra vert her oppmoda om å ta kontakt med helsestasjonen dei flytta ifrå for å be dei sende helsekortet til helsestasjonen i Volda. Dersom helsekortet er motteke på helsestasjonen, kan vi skrive dette på arket som vert sendt til foreldra. Dersom helsestasjonen ikkje mottek helsekortet innan rimeleg tid, vil helsestasjonen be om ei oversending. Jfr. Stilltiande samtykke (Lov om pasientrett.) Kontormedarbeidar. 2. Nye helsekort skal leggast til kontormedarbeidar Adm. leiar på helsestasjonen 3. Registrere mottak av alle helsekort i Grøn bok i det låsbare skapet i ekspedisjonen. Registrerer ansvarleg helsesøster etter adressa til barnet, og legg kortet i mappa til helsesøstra. Kontormedarbeidar 4. Sende søk til SYSVAC for innhenting av vaksiner og registrering av barnet på data. Registrerer personinformasjon på data Lage forløp i journalen til barnet. Gå igjennom kortet og noter tid for neste kontakt på kortet. Legg kortet til kontormedarbeidar for timeinnkalling. Ansvarleg helsesøster 6. Lag småkort til helsekortet. Registrere fargekode for distrikt på kortet. Arkiver småkortet for neste innkalling og helsekortet på rett plass i arkivskuffa. Kontormedarbeidar SENDING AV HELSEKORT TIL NY HELSESTASJON 3mnd konsultasjon:Helsesøster går igjennom informasjonsskriv til foreldra om at dei har ansvar for å gje melding til helsestasjonen ved flytting; ny adresse, tlf.nr., og namnet på den nye helsestasjonen, samt gje samtykke til oversending av helsekort. Helsesøster 2. Ved sending av helsekort: Sjekke at vaksiner er registrert i barnet sitt helskort. Registrer ny adresse på barnet og avslutting/flytting som kontakt i barnet sitt helsekort og skriv eit avsluttingsnotat. Skrive ut helsekortet etter Hspro sin mal ( drift, flytting av journalar, sending ut av kommuna). Ta utskrift av data og legg utskrifta i helsekortet til barnet. Skriv ein lapp med den nye helsestasjonen si adresse, til kontormedarb. Turid for sending. Dersom vi får beskjed om at eit barn har flytta utan at helsestasjonen har fått informasjon om det, bør helsesøster innhente samtykke frå føresette om oversending av helsekortet til neste helsestasjon. Dette kan gjennomførast pr. tlf., eller sending av eige brev: * Informasjon til barnet/føresette ved flytting. Helsesøster 3. Registrer sending av kort i Grøn bok. Send kortet til oppført helsestasjon. Dersom barnet flyttar til utlandet, skal helsekortet oppbevarast på helsestasjonen, og registrerast som " flytta til utlandet" . Kontormedarbeidar
Vedlegg Informasjon til barnet/føresette ved flyttingOrientering til foreldre om sysvac, flytting, barn sin rett (sjå Kvalitetslosen) |