Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Tilgang til bortsettingsarkivet

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Bortsettingsarkivet har begrensa adgang i form av elektronisk lås med kort og kode.

Det er kun tilsette på dokumentsenteret som har tilgang til arkivet.

Dersom saksbehandlar ynskjer å låne mapper skal ein av dei tilsette på dokumentsenteret vera med og sjå til at gjeldane reglar for utlån blir fulgt.

Den aktuelle saksmappa tas ut av arkivboksen og lånekort fylles ut, dette blir lagt i boksen.

Deretter skal boksen takast ut frå hylla og setjast på ein avsett plass til utlånte mapper, dette blir gjennomgått jevnlig av dokumentsenteret for å sikra tilbakelevering.

Det skal og hengjast lapp til saksbehandlar på den utlånte mappa om kva dato den er levert ut og kor tid den skal leverast tilbake.