Det første Familiens Hus i Hordaland blei etablert i Øygarden kommune mai 2009. Familiens Hus består av ulike avdelingar og faggrupper, der kommunen sine primære helse- og sosialtilbod retta mot born, unge og deira familiar er samordna og samlokaliserte. Målet er at innbyggjarane skal oppleve gode og koordinerte tenester frå dei ulike fagavdelingane, alt etter kva behovet er.Familiens Hus ynskjer å ha brukaren i fokus, og legg stor vekt på brukarmedverknad.
|