Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Skrivereglar for saksframlegg til politiske utval

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

 

Reglene gjeld for alle saksframlegg uansett kvar møte dei skal opp i. Sjølve registeringa for å melda opp til møte, har de motteke før. Husk at for politikarane framstår alle saksframlegga som eit dokument, ei pdf-fil. Derfor er det greitt at alle bruker dei same retningslinene.

 

Når saksframlegget er produsert, husk på følgjande:

 

Bruk Times New Roman, skriftstørrelse 12 på heile dokumentet. Dersom de henter tekst frå andre stader, husk å endra skriftype og størrelse. Det som blir henta er som regel aldri den typen og størrelsen som me skal bruka.

 

Tekst som blir henta inn i saksframlegget skal i kursiv skrift.

 

Det er lov å bruka både a-ending og e-ending i nynorsk, så det kan ein gjera, men ikkje bland dette. Bruk den same endinga på heile dokumentet. (Dersom ein sakshandsamar brukar e-ending og ein annan brukar a-ending, vil dokumentet som politikarane mottar, har ein blanding av dette. Eg berre nemner det.)

 

Ha linjeavstand enkel og bruk avsnitt. Husk at det alltid er lettast å lesa luftige dokument. Ha alltid eit linjeskift etter saksutgreiing.

 

Dersom det ikkje skal vera vedlegg med, fjern ordet vedlegg, så er det ikkje tvil.

 

Skriv innstillinga fullt ut under innstilling frå rådmannen, sjølv om du gjentar det som er skriven under saksutgreiing. I protokollen skil saksutgreiinga og innstillinga lag, er ikkje innstillinga «fullverdig» då, gjev ikkje protokollen noko meining.