Rutiner for tilsettte ved barneverntenesta
Vedtaksbildet i Acos vert nytta til å fatta ulike former for vedtak
Enkeltvedtak etter forvaltningslova, gjev partane klagegang
Administrativ beslutning vert nytta når det er behov for å dokumentera ulike typer tiltak, utbetalte pengar eller skrifteleggjering av avgjerd. Denne forma vert brukt når:
1 Det ikkje er ein part, t.d. plasseringsvedtak som er heimla i dom eller fylkesnemndsvedtak
2 Det ligg ein annan avtale til grunn, t.d. ved avgjerd om å laga utbetaling i tillegg til fosterheimsavtalen
3 Dersom tiltaket grensar mot drift av btv, t.d. bruk av sakkunnig, bruk av tolk
Vedtaket inneheld minimum eit dokument med ei avgjerd, som oftast også eit eller fleire tiltakt – gjerne med utbetalingar
Vedtakstype KU – inneber konklusjon på undersøkinga, og skal nyttast på første vedtak etter endt undersøkjing. Gjeld ikkje henlagte undersøkjingar.
Vedtakstype avslag AV – vert nytta når ei tiltakssak vert lagt bort eller ved avslag på tiltak.
Vedtakstype STOPP – vert nytta når tiltak skal avsluttast og undersøkjing vert lagt bort
Utforming av vedtak:
Sakshandsamar fyller ut vedtaks-bildet. Fyll ut:
1 Vedtaksperiode, eining og ansvarleg for vedtak
2 1. Bakgrunn/aktuell situasjon 2. Tiltak/transaksjoner 3. Barnet/foreldre si meining 4. Grunngjeving
3 Produsera sakspapir og partsbrev med vedtak i Acos før vedtak som er klar for godkjenning vert sett til status F (ferdig, til godkjenning)
Leiar/stedfortredar går dagleg gjennom rapporten «vedtak klar for godkjenning». Leiar/stedfortredar gjer eventuelle justeringar og melder desse tilbake til kontaktperson for endring, før vedtaket vert sett til status G, skriva ut vedtaket og underteikna før det vert lagt i posthylla til sakshandsamar for gjennomføring.
Utsending av vedtak:
Sakshandsamar underteiknar vedtak etter at det godkjent av leiar, legg det til utsending i eigna skap i fellestenesta for utsending og arkivering. Før utsending skal det takast kopi til mappe og kopibok.
For meir utfyllande ruinte, sjå fagprogram Acos barnevern.
Laster...