- Formål
Formålet med dokumentet er å beskriva rutinar for førebuing og etterarbeid av politiske møter i ESA.
- Omfang
Denne rutinen gjeld for alle brukarar av ESA som har oppgåver i samband med saksførebuing, innkalling og etterarbeid av politiske møter i Tysnes kommune sine råd og utval.
- Rollebeskriving
3.1 Møtesekretær I Tysnes kommune referer ikkje møtesekretæren direkte frå politiske møter. Referenten kan i desse tilfella vera rådmann, assisterande rådmann, personalrådgjevar, einingsleiar for landbruk- og teknisk etat, einingsleiar oppvekst eller einingsleiar for helse- og sosial. Oversikt over møtesekretæren sine oppgåver
Oppgåver
|
Mondul
|
Setja opp saker på saklista i samarbeid med rådmann/einingsleiar/leiar av utvalet
|
ESA
|
|
Kvalitetssikra saksframlegg inkl vedlegg, sikra at alle dokument står i pdf.
|
ESA
|
|
Påføra saksnummer, produsera sakliste
|
ESA
|
|
«Pakka» sakene til pdf
|
ESA – papirlause møter
|
|
Senda saklista og sakene til politikarane
|
Fluix
|
|
Leggja møtet ut på heimesida
|
ESA
|
|
Halda oversikt over frammøte og forfall
|
ESA
|
|
Produsera møteprotokoll og senda elektronisk til einingsleiar som skal referera frå møtet
|
ESA
|
|
Skriva inn handsaming og vedtak i protokollen, få den godkjent og ferdigstilla den
|
ESA
|
|
Produsera saksprotokoller og samla saksframstilling
|
ESA
|
|
Leggja ut på heimesida protokoller
|
ESA
|
|
Orientera sakshandsamar om ferdig behandling i sak
|
ESA
|
|
Melding om vedtak
|
ESA
|
|
*Berekna møtegodtgjersle til politikarane 1 gong pr. år
|
|
|
Vedlikehalda informasjon om politikarane
|
ESA, Fluix, word, Heimesida osv
|
|
*Ha kommunikasjon ang matleveranse til møta
|
E-post
|
|
Oppgåver merka med * er ikkje ein del av denne rutinehandboka. 3.2 Utvalsleiar 3.3 Utvalsleiar/ordførar har ansvar for å setja opp sakliste i samarbeid med rådmann/einingsleiar. 4 Definisjonar 4.1 Omgrep Ofte brukte omgrep i dokumentet: Esa er Tysnes kommune sitt system for elektronisk - journalføring -arkiv - sakshandsaming - utvalshandsaming Saksomgrep i samband med forvaltningssaker er ei hending som krev ei eller anna form for aktivitet frå forvaltningsorganet. Starten på ei sak kan vera inngåande skriv, personleg førespurnad, e-post, telefaks, telefon eller ein førespurnad frå politisk eller administrativ organ/leiing. Omgrep har sin bakgrunn i forvaltningslova, og må ikkje forvekslast med politisk sak (utvalssak), dei ei sak (forvaltningssak) kan ofte resultera i fleire politiske handsamingar. Sak ( i ESA) består av ein eller fleire journalposter med tilhøyrande dokument som er knytt saman under eit felles saksnummer. Journalpost er registrering av opplysingar om eit saksdokument med eventuelle vedlegg. I ESA er ein journalpost alltid knytt til ei (arkiv) sak. Dokument er brev, notat, sakspapir eller anna medium som lagrar informasjon som relevant for ei sak. Saksdokument, med tilhøyrande vedlegg er knytt til ein journalpost. Part er ein person, ei gruppe av personar eller organisasjonar som ei avgjerd i ei sak rettar seg mot eller som saka gjeld direkte. 4.2 Forkortingar Ofte brukte forkortingar i dokumentet: SB Sakshandsamar RAD/LEI Rådmann/Einingsleiar MS Møtesekretær 4.3 Dokumenttypar S- Sakframlegg: Med saksframlegg meiner ein eit dokument som vert brukt til å skriva saksutgreiing, innstilling frå rådmannen og vedlegg i saka. Saksframlegget vert lagra i arkivsaka som er oppretta for saka. MK – Møteinnkalling. Møteinnkallinga blir laga automatisk når saksframlegga i alle sakene er ferdigstilt og har fått status SK (sett på sakskart), og sakane har fått PS - nummer. Møteinnkallinga blir lagra i MOT-saka, saka som er oppretta i samband med dette aktuelle utvalsmøte. MP – Møteprotokoll er det dokumentet der møtesekretærer skriv inn handsaming og framlegg til vedtak/vedtak under møtet. Møteprotokollen vert generert automatisk i utvalsmondulen i ESA, og vert lagra i arkivsaka som vert oppretta for det aktuelle utvalsmøtet – MOT - saka. Når møteprotokollen er komplett, skal denne lagrast og ferdigstillast. PS – Politisk handsaming inneheld framlegg til vedtak/vedtak som er gjort i utvalet, og vert generert automatisk i utvalsmondulen i ESA, og vert lagra i arkivsaka som er oppretta for saka. SS – Samla saksframstilling innheld saksutgreiing, innstilling frå rådmann, handsaming i utvalet og vedtak, samt vedlegg. Dokumentet blir generert automatisk når dei andre dokumenta er lagra og ferdigstilt. Samla saksframstilling vert lagra i arkivsaka som er oppretta for saka. MV – Melding om vedtak vert produsert på bakgrunn av handsaming og vedtak og er ei melding til part om resultatet. Melding om vedtak vert arkivert i arkivsaka som er oppretta for saka. Melding om vedtak ferdigstiller saka frå oppgåvelista. I tillegg finns følgjande dokumenttypar i ESA: I – inngåade: Med inngåande dokument meiner ein eit dokument med ev vedlegg som kjem inn til verksemda Tysnes kommune. U – utgåande: Med utgåande dokument meiner ein alle dokument som Tysnes kommune produserer for utsending til eksterne mottakar. 4.4. Statuskoder 4.4.1 Status saksnivå B – Saka er under handsaming A – Saka er avslutta 4.4.2 Status dokumentnivå R – Reservert. Dokumentet er laga, men framleis under arbeid og er reservert for sakshandsamar. E – Ekspedert. Dokumentet er ferdig, godkjent av leiar og fått pdf-status. 5 Offentligheit 5.1 Kommunelova sine prinsipp er at saksframlegg/innstillingar er offentlege når det vert lagt fram for handsaming i utvalet, når det ikkje skal takast unnateke offentligheit i medhald av lov. For å ivareta omsynet til den politiske avgjeringsprosessen kan ein praktisera utsett offentligheit. Dette kan gjelda økonomiske saker. Utsett offentligheit kan nyttast dersom utvalet ikkje skal foreta eit endeleg vedtak, men berre får orientering om saka. 5.2 Saklister Saklister skal vera offentlege. Saker som er unnateke offentligheit skal anonymiserast, ikkje fjernast. 5.3 Møtedokument Møtedokumentet skal i prinsippet vera offentlege og det skal praktiserast meiroffentlegheit. 5.4 Tilgang i utvalsmondul i Esa Det er berre møtesekretærar som har tilgang til utvalsmodulen. 6 Fullført sakshandsaming Tysnes kommune praktiserer fullført sakshandsaming. Det inneber at den som er handsamar for saka i første utval, lager saksutgreiing og innstilling som har ei slik form og eit slik innhald at saka kan handsamast i alle folkevalde organ utan ny saksutgreiing og innstilling. 7 Organisering Tysnes kommune har følgjande utval:
Namn på utval
|
Møtehandsaming
|
Kommunestyret
|
Vert sendt elektronisk via fluix til IPad
|
Formannskapet
|
Vert sendt elektronisk via fluix til Ipad
|
Utval for landbruk/teknisk
|
Vert sendt elektronisk via fluix til Ipad
|
Tenesteutal
|
Vert sendt elektronisk via fluix til Ipad
|
Administrasjonsutval
|
Vert sendt som pdf-fil på e-post – ikkje unnateke saker
|
Arbeidsmiljøutvalet
|
Vert sendt som pfd-fil på e-post – ikkje unnateke saker
|
Eldrerådet – avventer nytt val
|
|
Ungdomsrådet – avventer nytt val
|
|
Råd for menneske med nedsett funksjonemne – avventer nytt val
|
|
8 Referat og meldingssaker Det er rådmannen sitt ansvar at viktige dokument vert referert i aktuelle utval. Møtesekretærer legg til rette i ESA. 9 Politiske saker Politiske saker i ESA
Nr.
|
Oppgåve
|
Ansvarleg
|
1
|
Saksframlegg vert oppretta i aktuell sak og knytt til utval
|
SB
|
2
|
Vedlegg som ikkje finst i elektronisk format, vert enten skanna inn i saka av fellestenesta eller tilknytt på fil.
|
SB/FEL
|
3
|
Sakframlegget med vedlegg skal sendast elektronisk til godkjenning til leiar/rådmann.
|
SB
|
4
|
Dersom saksframlegget med vedlegg vert godkjent, skal leiar/råmann arkivera det med status: Godkjent – klar til behandling. Dersom ikkje, får den status - Ikkje godkjent, og blir sendt tilbake til sakshandsamar
|
RAD/LEI
|
5
|
Sakshandsamar gjer endingar i samsvar med RAD/LEI, og ferdigsstiller saksframlegget med status F og E
|
SB
|
6
|
Fellestenesta/møtesekretærer overtek vidare handsaming
|
MS
|
Førebuing til utvalshandsaming
Nr
|
Oppgåve
|
Ansvarleg
|
1
|
Det aktuelle møtet vert henta fram og sakliste for møtet.
|
MS
|
2
|
Gå gjennom sakene for å sjekka utvalsbehandling og status. Alle dokukumenta som skal høyrer til møtet, skal ha pdf-status
|
MS
|
3
|
Rekkjefølgja på sakene på saklista skal setjast opp ilag med RAD/LEI
|
MS/RAD/LEI
|
Innkalling og sakliste
Nr
|
Oppgåve
|
Ansvarleg
|
1
|
Saklista vert produsert og signert av leiar av utvalet
|
MS
|
2
|
Bruk mondul Papirløse møter, - fil – hente møtedata. Bruk «plukklista» og ta minimum med Sakliste, saksframlegg og vedlegg og legg det til det aktuelle møtet
|
MS
|
3
|
Produser pdf-fil – vis pdf – fil. Gå gjennom for å sjå om alt er kommen med.
|
MS
|
4
|
Logg på fluix, og og send pdf-fila til dei aktuelle møtedeltakarane
|
MS
|
4
|
Gå til Gjør tilgjengeleg for portal, og kryss av for kva som skal koma på heimesida til Tysnes kommune. Sjekk på heimsida at alle «bestillingane» verkeleg kjem med.
|
MS
|
Førebuing til møte:
Nr
|
Oppgåve
|
Ansvarleg
|
1
|
Produser møteprotokoll. Send på e-post til ansvarleg møtesekretær
|
MS
|
2
|
Ha oversikt over frammøte, og lag ei framside til møteboka som bla inneheld frammøte, fråfall og innkalla varamedlemer
|
MS
|
3
|
Einingsleiar/rådmannen skriv møteprotokoll under møtet
|
SH/LEI
|
Etterarbeid etter møtet
Nr
|
Oppgåve
|
Ansvarleg
|
1
|
Registrer frammøte og fråfall i møtekalender
|
MS
|
1
|
Handsaming og vedtak vert lagt inn i møteprotokoll og blir godkjent av rådmann/einingsleiar
|
MS
|
2
|
Protokollen vert sendt til E-signering til ordførar, dei som er valt til å skriva under protokollen til kommunetyret (3 stk), og til leiarar for utval
|
MS
|
2
|
Saksprotokoller blir produsert
|
MS
|
3
|
Samla saksframstilling blir produsert.
|
MS
|
4
|
Sakene vert publisert på heimesida til Tysnes kommune
|
MS
|
5
|
Det vert produsert melding om vedtak og denne vert sendt til part i saka
|
MS
|
6
|
Saks går til arkiv og kan få status A, dersom ikkje sakshandsamar skal arbeidar vidare med den
|
FEL
|
Før fullelektronisk arkiv i 2020 har Tysnes kommune ein eigen serie i arkivet med møtebøker. Serien står i perm på arkivrommet. Desse har histrorisk verdi. 10. Førespurnader, interpellasjonar og sprøjetime Interpellasjonar skal meldast skriftleg minst 3 dager før møtet, og skal sendast til ordførar. Interpellasjonen skal journalførast på arkivsak som omhandler spørsmålet. |