Føremål med rutina
Rutina skal sikre at det vert innhenta politiattest ved tilsetjingar til stillingar med krav om dette.
Rutina skal samstundes sikre at det ikkje vert gjort tilsetjing av personar som har gjort overtreden innan det feltet dei skal arbeida innan.
2 Målgruppe
Det kan krevjast politiattest til alle tilsette som skal arbeide innan eit fagområde politiattest er påkrevd, sjå føremålsoversikta på politiet.no.
Med alle tilsette, meinast personar med ordinær arbeidsavtale, ringjevikaravtale, pensjonistavtale, samt lærlingar, studentar praksiskandidatar og personar i arbeidstrening.
Rutina gjeld også for personar med oppdragsavtale, eks. støttekontaktar, avlastere og forsterheimar.
3 Krav om politiattest
· Det skal vere opplyst om kravet til politiattest i utlysingsteksten.
· Det kan berre krevjast politiattest av den som vert tilsett.
· Det skal kome fram av tilbodsbrevet at politiattest skal leggjast fram ved oppstart, og at eventuelle merknader på politiattesten kan få konsekvensar for tilsetjingsforholdet.
· Arbeidsgjevar lagar ei stadfesting på politiattest til den tilsette.
· Arbeidstakaren må sjølv søkje om politiattest.
· Attesten må ikkje vera meir enn tre månader når den vert lagt fram for arbeidsgjevar.
4 Høve til å be om ny vandelskontroll
Arbeidsgjevar kan be om ny vandelskontroll dersom:
· Arbeidstakar har tidlegare vist politiattest til same føremål, og
· arbeidsgjevar har ny informasjon om søkjaren som kan ha påverknad for politiattesten.
Arbeidsgjevar kan også kreva politiattest av tilsette som det viser seg ikkje har levert ved tilsetjing, dersom attesten ikkje er registrert i arkivet eller dersom arbeidsgjevar har fått tilgang til informasjon som gjev grunn til å tru at det foreligger nye opplysiningar av betydning for politiattesten.
5 Prosedyre ved tilsetjing
5.1 Kven er ansvarleg
Den som inngår arbeidsavtale/oppdragsavtale er ansvarleg for å følgje rutina.
5.2 Sjekk om det kan krevjast politiattest
Arbeidsgjevar må ha heimel i lov eller ei forskrift for å krevje politiattest.
Det må gjerast ei kontrollering av arbeidsgjevar sitt høve til å innhente politiattest
5.3 Informasjon i lysingstekst
Det skal stå i stillingsomtalen at det er krav om politiattest. Det kan samstundes informerast om gjennom intervjuprosessen.
5.4 Informasjon i arbeidsavtalen/oppdragsavtale
Det skal kome fram av arbeids- eller oppdragsavtalen at politiattest skal leggjast fram før oppstart, heimel for politiattest og at eventuelle merknader på politiattesten kan få konsekvensar for tilsetjingsforholdet.
5.5 Framgongsmåte ved innhenting
Når arbeids- eller oppdragsavtalen er signert, skal arbeidsgjevar fylle ut skjema «Stadfesting politiattest». Denne vert sendt til den tilsette/oppdragstakar.
Stadfesting kan anten leverast direkte, sendast pr e-post eller med post. Ansvarleg hos arbeidsgjevar må samstundes informere om korleis politiattesten skal overleverast til arbeidstakar.
Arkivet/fellestenesta skal ha informasjon når det er sendt ut krav om politiattest til arbeids-/oppdragstakar. Denne informasjonen kan sendast til post@tysnes.kommune.no.
5.6 Arkivering av politiattest
Politiattesten vert registrert motteke i personalmappa/arkivsystemet. Politiattesten vert makulert straks etter at attesten har vore framlagt og registrert, med unntak for attest med lovheimelen er etter Lov om barnevern § 6-10.
Politiattesten kan leverast til arkivtenesta på to måtar:
1. Politiattesten skal leverast i lukka konvolutt i resepsjonen på rådhuset, merka med politiattest, eller
2. politiattesten skal leverast til næraste leirar.
Dersom det er leiar som er mottakar av politiattest, skal han/ho så snart som råd levere denne i lukka konvolutt til resepsjonen på rådhuset.
5.7 Konsekvens av merknader i politiattesten
Ein merknad på politiattesten fører ikkje automatisk til eit tap av rett til tilsetjing.
Det finns ingen klare retningsliner for korleis denne vurderinga skal gjerast, og det er difor eit stort ansvar som blir lagt på arbeidsgjevar.
Leiar, i samråd med personalavdeling, må gjere ei konkret vurdering om personen er egna til stillinga i lys av tryggleiken til tenestemottakar.
5.8 Tiltreding
Politiattesten skal vere levert til leiar før vedkommande tiltrer stillinga eller tek oppdrag i hht. Oppdragsavtale.
6 Fellestenesta/arkiv
Fellestenesta/arkiv opprettar ei sak i ESA, der kommunikasjonen som gjeld politiattester skal journalførast. Desse journalpostane skal ikkje ferdigstillast, men journalførast som inngåande dokument, og få journalstatus M. Fellestenesta/arkiv tar søk på journalstatur M, og får oversikt over alle «uteståande» politiattester.
Når politiattesten blir levert, skal journalpoststatus endrast til U = Utgår/flytta.
Potitiattester som blir levert til fellestenesta/arkiv skal journalførast som ein journalpost i personmappa. Journalposten skal innhalda avsender og innhaldslinja skal sjå slik ut:
Politiattestet levert mai 2021. Attesten er handtert etter Helsepersonellloven § 20.
Journalposten får status U = Utgår/flytta og politiattesten blir makulert.
Politiattestet levert mai 2021. Attesten er handtert etter Lov om barnevern! 6- 10.
Politiattesten skal journalførast og skannast inn som eit vanleg personaldokument.
Dei politiattestane som ikkje utløysrt personmappe, skal journalførast som vedlegg til sjølve avtalen/kontakten.
Dei føl elles same prosedyre som personmappe.
Lov om barnevern: Dei politiattestane som kjem inn som gjeld lov om barnevern, og som ikkje har personmappe, skal journalførast og skannast i eigen samlemappe som er oppret
Laster...