- Arkivtenesta går inn i Visma samhandling arkiv VSA ein gong per veke, og undersøker følgjande: - Om der ligg journalpostar under "ikke-arkiverte" på kvar arkivdel. Ligg der journalpostar som burde vere ferdigstilt, skal sakshandsamar ha beskjed om å rette opp dette. Viss sakshandsamar ikkje rettar opp etter å ha fått beskjed, skal arkivtenesta melde frå til leiar på eininga. Er det mange journalpostar og det gjeld mange sakshandsamarar, er det greit å gi ein generell beskjed til heile eininga med påminning om å ferdigstille dokument og å halde orden i arkivet. - Om journalpostar kjem inn i alle arkivdelane utan store opphald. Er det store opphald (meir enn 2 virkedagar), må det undersøkjast kvifor og få det retta opp. Moglege årsaker kan vere at ein webservice har stoppa opp, eller at sakshandsamarar i fagsystema ikkje ferdigstiller dokumenta sine. Det er arkivtenesta sitt ansvar å fange opp dette, og iverksetje naudsynte tiltak.
|