Politisk organisering: Kommunestyret er kommunen sitt øvste styrande organ. Etne kommunestyre har 21 faste representantar. I tillegg til kommunestyret har formannskapet, Komìtè Drift og Komitè Forvaltning den politiske styringa i kommunen. Til Formannskapet, Komitè Drift og Komitè Forvaltning blir det valde 7 representantar.
Ordføraren er kommunen sin øvste folkevalde og rettslege representant. I inneverande periode er det Siri Klokkerstuen som representerer Arbeiderpartiet som er ordførar. Ordføraren leiar møta i kommunestyret, formannskapet, planutvalet og administrasjonsutvalet.
Varaordførar er Ingemund Berge som representerer Kristeleg Folkeparti.
Politisk organisasjonskart
Laster...