Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta

Arkivtenesta i Masfjorden kommune er organisert med eit hovudpostmottak og sentralarkiv for sentraladministrasjonen, lokalisert i kommunehuset på Masfjordnes. Dei eksterne avdelingane har eige postmottak og arkiv lokalisert på den einskilde avdeling.

Sentralarkivet (saksarkivet), byggesaksarkivet og personalarkivet i Masfjorden kommune, vart frå 06.02.2014 fullelektronisk. Sakshandsaminga er fullelektronisk.

Dersom ein har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldande regelverk.

Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og helda vedlike arkivseriar i kommunen;

Sentralarkiv - arkivdelar lokalisert på kommunehuset:

  • Saksarkiv for heile kommunen.
  • GNR/BNR arkiv for byggesak
  • Planarkiv
  • Personalmapper
  • Møtebøker
  • Kopibøker (ikkje kopibøker frå 06.02.14)
  • Offentleg journal (ikkje utskrift av journal frå 06.02.14)
  • Barnevernarkiv har framleis papirarkiv
  • PPT har framleis papirarkiv

Arkiv ytre einingar:

  • Nav Masfjorden sosial - Klientarkiv
  • Psykisk helse
  • Pleie og omsorg
  • Helsestasjonen
  • Legekontoret
  • Nordbygda skule
  • Sandnes skule
  • Matre skule
  • Nordbygda barnehage
  • Sandnes barnehage
  • Indre Masfjorden barnehage

Alle arkivskaparar skal vedlikehelda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...