Arkivplan for Bømlo kommuneArkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal sikra at Bømlo kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Oppdatering av arkivplanenOppdatering av arkivplanen skal skje når:
- ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
- det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
- ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
- kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
- det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
- det blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegeringsreglement
- kommunale oppgåver blir overførte til verksemder utanfor kommunen
Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når
- det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
- det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon
Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sette i verk, og har rett til å uttala seg om dei følgjene dei kan få for arkivet. Rådmannen har arkivansvaretI Bømlo kommune er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret. Som rådmann i Bømlo kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i- og følgja retningslinene i arkivplanen. Bømlo kommune 2014 Rådmannen |