Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Samnanger Kommune 2023

Arkivplan for Samnanger kommune

Samnanger er ein vakker kommune med både fjord- og fjell-landskap i hjarta av Hordaland.

Nøkkeltal for Samnanger kommune

Areal

265,5 kvadratkilometer

Folketal

2495 pr. 2022

Kommunenummer

4623

Organisasjonsnummer

964 968 985

Areal og geografi
265.5 km2, og med 267 vatn og tjørner. Heile 84% av arealet ligg over 150 m.o.h. Innan kommunen finn me mange landskapstypar, frå fjord til høgfjell, og med lier dominert av furuskog og lauvskog. Mellom dei store fjella er det tronge vassførande dalar og juv.
 
Klima og hydrografi
Det regnar mykje i Samnanger. Tidlegare hadde Meteorologisk institutt ein målestasjon i Kvitingen, der normal årleg nedbørsmengd vart målt til om lag 3500 millimeter. I Trengereidfjorden vart det i 2015 ved ein privat målestasjon målt nedbørsmengd på om lag 4900 millimeter. Til samanlikning er normal årleg  nedbørsmengd ved målestasjonen på Florida i Bergen om lag 2250 millimeter.
 
Den store Tysseelva som munnar ut i Samnangerfjorden drenerer eit landområde på 239 km2, størstedelen av dette nedbørsfeltet ligg i Samnanger. Eikedalselva som er varig verna mot kraftutbygging, utgjer den delen av Tyssevassdraget som kjem frå Kvamskogen. 
 
Kommunikasjon
Kommunen grensar mot Bergen og tettstaden Os i vest, Vaksdal i nord, tettstaden Fusa i sør og Kvam i aust. Hovudvegen gjennom Samnanger er fylkesveg 7, som er den kortaste vegen mellom Bergen og Hardangerfjorden.
 
Historikk
Kommunevåpenet har 6 vassdropar i gull på ei raud plate. Vatn har spelt ei stor rolle for utviklinga av Samnangerbygda opp gjennom tidene. Viktigast er skottehandelen på 1600-talet, A/S Samnanger Uldvarefabrik frå 1886 til brannen i mars 1931, kraftutbygginga i Samnanger-vassdraget frå 1910 og utover, og strømpefabrikken A/S SAFA, som vart grunnlagt i 1941.
 
Samningane eller 'sabningane' som det heiter på dialekten, har alltid vore vant med farande folk. Sentralt plassert mellom Hardangerregionen og Bergenshalvøya har det alltid vore gjennomgangstrafikk i bygda, sjølv om mykje av trafikken gjekk med båt. Den gamle garden Ulland midt i Samnanger ved  Frøylandsvatnet var ein "husegard" der m.a. folk av høg rang "husa seg" når dei var på reise. Mange av fedriftene til Bergen gjekk gjennom Samnanger, drifta gjekk vanlegvis over Brekkedalen og til Bergen via Fana, eller over Gullfjellet og om Borgaskaret. Andre viktige sleper/stiar var over Kikedalen til Hålandsdalen i Fusa, Altaseterdalen til Holmefjord, Bogaskaret til Vaksdal, Trengereiddalen til Trengereid og vegen over Kvamskogen via Liaros og Eikedalen til Norheimsund.
 
Den første offentlege vegen som vart bygd i Samnanger gjekk frå Hellenaustet til kyrkja på Ådland, den såkalla "Prestavegen". Denne vart bygd fordi presten skulle komma fram når det var utrygg is på fjorden. Turstien til Kvernes følgjer i all hovudsak traseen til den gamle Prestavegen.