Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Austevoll kommune 2014 10.april 2019

Arkivplan

Arkivplanen gir bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene

Arkivplanen skal sikre at Austevolll kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

 Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Oppdatering av arkivplanen

 Oppdatering av arkivplanen skal skje når:
  

  •  ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  •  det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
  •  ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  •  kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  •  det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  •  det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegasjonsreglement
  •  kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen
     

 Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når

  det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel

  •  det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon
     

 Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Rådmannen oppmodar alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

  

baatbilder

bruene_i_austevoll__1_1

aerial_photo_of_austevoll_station_web

DSC_0060