Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Morten Storebø er ordførar i Austevoll kommune. Han representerer Høgre  og vart vald til ordførar i kommunestyremøte 12. oktober 2015.  Han overtok etter Renate Møgster Klepsvik. 
Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet og er kommunen sin rettslege representant.  

Morten tek ombodsrolla på alvor, og er oppteken av å vera ein ordførar for heile kommunen. Han ynskjer å vera til hjelp for innbyggjarane, så ta gjerne kontakt med han dersom det er noko du lurer på eller treng hjelp til. Inga sak er for lita, inga sak er for stor.  

Ordføraren har kontor i kommunehuset og kan treffast der. Ynskjer du eit møte med ordføraren, er det berre å ta kontakt for å gjera avtale, eller koma innom.  

Ta kontakt med ordføraren: morten.storebo@austevoll.kommune.no eller ring 55081000   / 94504076.

Laster...