Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering - organisasjonsplan Meland kommune

Meland kommune er organisert etter tonivå-prinsippet, der rådmannen utgjer nivå 1 og tenesteområdeleiarane nivå 2. I tillegg vil det for dei største tenesteområda vere eit avdelingsleiarnivå under leiar for tenesteområdet. Avdelingsleiar kan få eit avgrensa delegert ansvar for personell, drift og økonomi. Det er tenesteområdeleiar som har det fullstendige ansvaret og som rapporterer til rådmannen. Alle tenesteområdeleiarane har såleis ansvar for tenesteområdet m.o.t. utvikling, resultat, økonomi, arbeidsgjevarrolle, service, miljø og deltaking.

Det er i alt 13 tenesteområde i organisasjonsstrukturen:

1. Kultur

Omfattar bibliotek, lokalhistorisk arkiv, frivillige lag og organisasjonar, frivilligsentralen, ålment kulturarbeid, kulturminnevern, kunstformidling, kulturskule, kulturarrangement i kommunal regi, tilskot til trussamfunn og namnsetjing av vegar.

2. Plan, utbygging og  kommunalteknikk

Omfattar plan- og byggesakshandsaming, kart og oppmåling, næringsarbeid med landbruk, vilt- og fiskeforvaltning, handsaming av saker etter fleire særlover, m.a. jord- og konsesjonslovverket og forureiningslova.

Har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur (kommunale bygg, reinhald, infrastruktur for vatn, avløp og renovasjon - VAR), parkanlegg og friareal, kommunale vegar medrekna veglys og kaianlegg. Investering, utbygging og forvaltning av kommunale anlegg og eigedommar. Anleggsdelen av nærmiljø, idrett og friluftsliv, inkl. spelemidlar.

3. Helse

Omfattar legeteneste, legevakt, fysioterapi og ergoterapi, miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helseteneste, tiltak for personar med rusmisbruk, helsestasjon, svangerskapsomsorg.

4. NAV

Kommunale oppgåver lagt til NAV Meland.

5. Meland sjukeheim

Institusjonsbaserte tenester (m/korttids- og langtidsavdeling), demensavdeling Lerketunet, natt-tenesta, dagsenter, transport, kjøkken.

6Meland heimeteneste

Heimesjukepleie, heimehjelp/praktisk bistand, matombringing, ressurskrevjande tenester/barnebustad. Bustølen burettslag, ordninga med personleg assistent (BPA), støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, IP, ansvarsgrupper, dagtilbod, koordinerande eining.

7. Barnevern

Omfattar drift og utvikling av barnevernet i Meland. (Frå 01.12.2018, felles barnevern Lindås, Meland, Radøy med Radøy kommune som vertskommune, fram til Alver kommune 01.01.2020.)

8. Marihøna barnehage

Omfattar drift og utvikling av Marihøna barnehage og spesialundervisning barnehage.

9. Meland ungdomsskule

Omfattar drift og utvikling av Meland ungdomsskule, samt vaksenopplæring.

10. Rossland barne og ungdomsskule

Omfattar drift og utvikling av Rossland barne og ungdomsskule inkl. SFO.

11. Vestbygd skule

Omfattar drift og utvikling av Vestbygd skule inkl. SFO.

12. Sagstad skule

Omfattar drift og utvikling av Sagstad skule inkl. SFO.

13. Grasdal skule

Omfattar drift og utvikling av Grasdal skule inkl. SFO.

 

STABSORGANISERINGA
i organisasjonsstrukturen inngår også 4 stabar:

  1. Adm. stab rådmann
  2. Økonomi
  3. Rådgjevargruppa
  4. PPT

Adm. stab rådmann

Administrasjonsstab rådmann vert leia av personal- og organisasjonssjef, som også er stedfortreder for rådmannen når denne ikkje er til stades. Det er 12 tilsette ved staben, fordelt på 10,2 årsverk. Staben har mange ulike oppgåver og ansvarsområde:

Sekretariat for politiske utval

Administrasjonsstab rådmann er sekretariat for ei rekkje politiske råd og utval, t.d. ordførar, kommunestyret, formannskapet, administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet og fellesrådet. Administrasjonsstab rådmann er også sekretariat for valstyret og har ansvar for den praktiske gjennomføringa av alle kommunestyre/fylkestings- og Stortingsval.

Sekretariat for Sambandet Vest

Vedtak i Kommunestyre sak 44/2018 av 20.06.2018 fatta vedtak om at Meland kommune overtar sekretariatsfunksjonen for Sambandet Vest. Postmottak for Sambandet Vest er er felles postmottak i kommunen. Næringsrådgjevar er sekretær. 

Dokumentsenteret

Dokumentsenteret er mottak for all sakspost til kommunen, og er i tillegg postmottak for PPT og Flyktning (2018). Dei andre fagområda har eigne postmottak for sine fagsystem. På dokumentsenteret vert posten opna, skanna, registrert og oversendt elektronisk til avdelingar og saksbehandlarar. Dokumentsenteret og arkivleiar er ansvarleg for oppfølging av det fullelektroniske arkivet til kommunen og kontroll av publisering i Innsyn.

Informasjon

Adm. stab rådmann har ansvar for kommunen si nettside, intranett, ulike sosiale medium, m.a. den kommunale Facebooksida. Det vert elles jobba med utgangspunkt i vedteken informasjonsplan.

Resepsjon

Kommunen sin resepsjon med publikumsmottak og telefonsentral ligg under adm. stab. rådmann. Her vert det så langt råd er, gitt svar på ulike spørsmål frå publikum og ellers vist til rett instans i teneste- eller forvaltningsapparatet.

Andre oppgåver

Adm. stab rådmann har ansvar for beredskap, m.a. overordna ROS-analyse og beredskapsplanverk. Staben har også ansvar for saksbehandling av serverings- og skjenkesaker.

Økonomi
Frå 13. september 2018 er nytt felles løn og rekneskapskontor for Lindås, Meland og Radøy etablert og samlokalisert i Knarvik. Frå 01.01.2020 vil kontoret gå inn som ein del av Alver kommune.)

Rådgjevargruppa

Rådgjevargruppa fungerer som fagleg støtte både for rådmann og tenesteområdeleiarar. Rådgjevarane har oppgåver knytt til ulike typar saksbehandling og er medaktørar og medspelarar i prosessar kring utvikling, fornying og omstilling. I gruppa er det samla fagkompetanse innan fleire ulike område, som skule, barnehage, helse, sosial, pleie og omsorg og kommuneplan.

PPT

Foreldre og tilsette i barnehage og skule kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, utvikling og opplæring for barn og ungdom. Målgruppa til PPT er i første rekke barn som viser vanskar som er større enn det ein til vanleg kan venta hos barn, eller som står i fare for å utvikla særskilde vanskar.

På PPT-kontoret arbeider fagfolk med ulik bakgrunn og erfaring. Vi samarbeider med foreldre og tilsette i skule og barnehage for å bidra til at barn og unge får best mogeleg utvikling. Til dømes hjelpar vi skulen i arbeidet med å gjera undervisninga tilpassa elevane sine behov for å unngå at dei kjem til kort fagleg eller sosialt.

Alle tilsette i PPT har teieplikt. Alle tenester er gratis. Føresette og fagfolk kan få konsultasjon utan at barnet er tilvist. PP- tenesta er ei lovpålagt teneste, ein sakkunnig instans som utfører utgreiing i høve barn/unge sine rettar til spesialundervisning - jfr. § 5.1 i opplæringslova. 

Sjå også:

Laster...