Kvar dag utfører fylkeskommunen oppgåver for dei som bur og arbeider i Møre og Romsdal fylke. Vi løyser dei i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Med rundt 2500 tilsette er vi ein av dei største største arbeidsgivarane i regionen. Du kan lese meir om kva vi har ansvar for i årsrapporten vår. Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:
- Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
- Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
- Tannhelsetenesta (Den offentlege tannhelsetenesta)
- Regional planlegging
- Næringsutvikling (Operativt ansvar for tilretteleggjande virkemidlar for næringsutvikling og entreprenørskap)
- Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
- Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
- Kulturminneforvaltning (freda kulturminne; arkeologi, ruiner, bygningar mm.)
- Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
- Internasjonalt arbeid
Fylkesplan Fylkeskommunen skal fremje ei ønskt samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Mål for den regionale utviklinga er felt ned i Fylkesplan for Møre og Romsdal.
Kjerneverdiar Møre og Romsdal fylkeskommune har ein visjon om å vere ein tydeleg medspelar med kjerneverdiane openheit, respekt, likeverd, medråderett og ansvar for fellesskapet.
Politisk styrt Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalte organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordførar Tove-Lise Torve. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnt av fylkestinget er fylkesutvalet, hovudutval for utdanning, hovudutval for kultur- og folkehelse, hovudutval for regional og næring og hovudutval for samferdsel.
Tilsette over heile fylket Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgivarar med 2500 tilsette. Om lag 2000 av desse har arbeidet sitt på ein av dei 23 vidaregåande skolane i fylket. 200 arbeider på ein av dei 37 tannklinikkane, og om lag 250 arbeider i sentraladministrasjonen som er plassert på Fylkeshuset i Molde. Øvste administrative leiar i fylkeskommunen er fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik. Historie Historia til fylkeskommunen går over 300 år tilbake i tid. På denne sida vil du finne nokre høgdepunkt, samt ei oversikt over fylkesordførarar og fylkesrådmenn frå 1975 og fram til i dag. |