Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Lover og forskrifter

Lovdata 

Tilsyn og kontroll

Kommunelova instituerer ei rekkje tilsyns- og kontrollordningar i fylkeskommunen for å sjå til at heile verksemda er forsvarleg organisert og leia, og at det er etablert eit heilskapleg system for eigenkontroll. Statleg tilsyn med verksemda er ein del av kontrollen, samt ulike ombodsmenn- og klageordningar.

Kommunelovas kap. 12 legg tilsynet med verksemda i fylkeskommunen til det folkevalde nivået. Til å hjelpe fylkestinget med denne oppgåva skal det veljast eit kontrollutval. Dette er i samsvar med den norske demokratiske forfatningstradisjonen der folket sjølv gjennom sine tillitsvalde representantar skal ha innsyn i og kontrollere alt som føregår i forvaltninga.

Fylkeskommunen skal ha ei forsvarleg revisjonsordning (§ 78. Revisjon) som skal utføre rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Møre og Romsdal fylkeskommune har valt å ha revisjonen i eigenregi, Fylkesrevisjonen.

I tillegg skal Fylkesmannen etter kommunelova kap. 10A føre tilsyn med fylkeskommunens verksemd og har rett til innsyn i alle saksdokument og saksbehandlinga i alle administrative og folkevalde organ. Fylkesmannen kan etter slike tilsyn gi pålegg om å rette opp lovstridige tilhøve. Under bestemte tilhøve skal departementet godkjenne vedtak om låneopptak og avtalar som medfører kostnader ut over dei neste 4 åra (koml. § 60).

Tre eller fleire representantar i fylkestinget kan etter visse reglar anke eit vedtak i fylkeskommunen inn for departementet for kontroll av om vedtaket er lovleg (koml. § 59).

Administrasjonssjefen (fylkeskommunedirektøren) skal etablere eit betryggande system for intern kontroll, sjå til at verksemda blir driven i samsvar med lover, forskrifter og overordna retningslinjer, t.d. vedtak i fylkestinget, og at saksbehandlinga er forsvarleg og at vedtak blir sett i verk (koml. § 23 nr 2).

I tillegg stiller ulike særlover krav om systematiske opplegg for oppfølging og kvalitetssikring, t.d. opplæringslova, og ei rad særlege statlege tilsynsorgan foretar periodiske tilsynsbesøk i fylkeskommunen (Arbeidstilsynet, Mattilsynet, Datatilsynet m fl.). Ulike typar avgjerder i fylkeskommunen kan bringast inn for ymse ombodsmennordningar for vurdering, t.d sivilombodsmannen, likestillings- og diskrimineringsombodet, forbrukarombodet o.a.

Enkeltvedtak i fylkeskommunale administrative og folkevalde organ kan påklagast til ei eiga klagenemnd, etter reglane i forvaltningslova § 28, 2. ledd . For visse enkeltvedtak er det klagerett til Fylkesmannen. Klage på brot på regelverk etter EØS-lovgivinga kan bringast inn for prøving i EFTA Surveillance Agency (ESA), brot på anskaffelsesregelverket i første hand til Klagenemnda for Offentlige Anskaffelser (KOFA).

Laster...